Gardsmat og tradisjonskost
Sauen har gjennom alle tider spela ei viktig rolle i matauken til fiskarbonden her på ytre, søre Sunnmøre.
Med karrig jordsmonn og mykje stein og fjell, så seier det seg sjølv at jordbruket måtte kombinerast med fiskeri for å skaffe nok mat til familien. På same måten som med fisken, så måtte kjøtet konserverast for å kunne vare gjennom ein lang vinter. Dei mest vanlege konserveringsmetodane her i vårt område er salting og tørking og ut av desse metodene har det vakse fram ein matkultur som vi framleis ber med oss.
Før i tida var det langt til nabobygda. Då ein kun kom seg avstad sjøvegen, eller til fots, så sa det seg sjølv at visittane ikkje blei mange. Dette ga seg utslag både i dialektvariantar og ulike mattradisjonar. Dei fleste trur sikkert at pinnekjøt er pinnekjøt. Men det er det altså ikkje. På våre kantar er det mest vanleg å salte og tørke. Røyking førekjem sjeldnare. Men saltemetodane er mange, vi har lakesalting og tørrsalting. Skal det ligge 1 døgn eller 5 døgn i salt. Når det gjeld tørking, så hadde dei ikkje store val. Ville folk at kjøtet skulle vare, så måtte det vere tørt. I dag er det sjeldan ein får gjennomtørt kjøt i butikken. Tørkeprossessen blir stoppa etter ei viss tid for å hindre for stort vekttap og dermed hindre at fortenesta bokstaveleg tala fordampar.
Berekraftig Utnytting
Er det best med ribbe frå ein gammal sau med mykje feitt, eller frå eit magert lam? Smaken til folk er svært forskjellig og det fins omlag like mange juletradisjonar som det fins familiar. Bøen Gard kan tilby kjøt i fleire slike variantar. Ein ting er sikkert, den sunnmørske fiskarbonden var nøye med å bruke alt på sauen. Nøysemda låg i ryggmargen på folk og å kaste mat var aldri aktuelt. Dette skapte rettar som framleis står sterkt blant folk i dag og som har gitt oss stolte mattradisjonar, spesielt til jul. Eit lam kan gi følgande produkt etter gamle konserveringmetoder:
• pinnekjøt av ribbesidene
• spekekjøt eller fenalår
• spekebog eller pinnebog
• tørka saudehaud
• fårerull av slagsidene (tynt kjøtstykke nedom ribbene)
I tillegg gir villsauen eit fantastisk vakkert skinn som varmar godt.
Bøen Gard har ein god råstofftilgong med sine 150 vinterfora sauer. Dette blir det fort mange lam av og vi tek tilbake omlag halvparten av lamma for bearbeiding i vårt eige produksjonslokale godkjend av Mattilsynet. Vi har klimarom til tørking og speking og eit produksjonslokale med eige fryse- og kjølerom. Vi vidareforedlar etter metodar og tradisjonar som har sitt utspring her på Hide. Eldre kundar har ofte bemerka at her luktar det som før i tida når folk tørka sitt eige kjøt heime på garden.